![]() |
Den fyrste symra
Stiklestad-tonane: dikt 1961.
Her er den same stigen eg vandra på i fjor; her er den kjære flekken der fyrste symra gror. - Din let du fekk av snøen som nyleg bråna bort, men perlediademet har englehender gjort! Eg ville gjerne sjå deg i blomevasen min; men du skal gle dei andre, og difor: Stå og skin! Snart bøyer du ditt hovud og luter imot kveld. Men morgonen vil opne di hjartedør med eld. Då vil du stå og lyse med perlesølvet på, og eg kan jord og himmel hos deg i spegel sjå. Slik underet skal skine i millionar år der symreblomen livnar og ropar ut ein vår! |
![]() |
skrevet av Bjarne Slapgard
Bjarne Slapgard (født 11. november 1901 i Verdal - 25. desember 1997 i Levanger) var en norsk forfatter og folkehøgskole-lærer. |
Abnescio ble utdanna ved universitetet i Trondheim. Og bor nå ved byen Molde. Og er barnebarn av Bjarne Slapgard. |